Diktene mine

Overkvalifisert

 

Overkvalifisert

 

Overkvalifisert er eit merkeleg ord.

Han fekk ikkje jobben, han var overkvalifisert.

 

Er det mulig å bli for god til noko?

Når veit du sjølv at du er for god til noko?

 

Eg har alltid sett for meg at det er bra når

du er flink til noko, men du kan altså bli for flink?

 

Når Petter Nordtug sa barneskirenn etter at

han hadde utklassa konkurrentane sine,

var han då overkvalifisert?

 

Når Erling Braut Håland og Lionel Andrés

Messi Cuccittini herjar med spelarane på

motstanderlaget, er dei då overkvalifisert?

 

Du er så god no at du ikkje får gå fleire løp,

dei seier ikkje det til Therese Johaug

når ho vinn sitt tiande strake renn.

 

Erling Braut Håland no er du blitt så god at du 

må stå over dei fem neste kampane.

 

«Det er typisk norsk å være god»,  sa

Gro Harlem Brundtland i sin nyttårstale

1.januar 1992.

 

Men Gro sa ikkje; «Du må passe på

så du ikke blir for god,  du vet vi vil ikke ha

noen som er overkvalifisert.»

 

Ein lege vart statsminister, ein skodespelar

vart president, så ikkje ver redd om du blir

stempla som overkvalifisert.

 

For «There is hope in a hanging snore»,   

sa ein kjent fotball-trenar.  

 

Nil satis nisi optimum,

berre det beste er godt nok,

står det i logoen til Everton.

 

Det er framleis lov å bli best,

om det er det du vil då.

 

Men er du den beste utgåva av deg sjølv, 

då er du alltid bra nok.

 

Stabekk 26.februar 2021

Bernt-Åge Grimstad

 

Sulamannen 

 

Sulamannen

 

Kvar vinter kjem han, Sulamannen.

Det er ingen som veit meir om Hessa 

enn Sulamannen.

Men det er kanskje ikkje så mange som 

veit så mykje om han?

 

Det vi veit er.... at like sikkert 

som det første snøfallet,  

så kjem han tilbake og tittar bort på Hessa 

frå den same plassen sin i Sulafjellet.

 

Men kvar er Sulamannen om sommaren?

Kanskje gjøymer han seg inne 

i Sulafjellet til neste vinter?

 

Nei, det trur ikkje eg...

Eg trur at om sommaren 

då vandrar han rundt på Hessa 

som ein smelta usynleg snømann,  

for han vil jo sjå nærare på den vakre 

Hessøya og dei kjekke folka som bur der.

 

Så har du ei kjensle av 

at det om sommaren er nokon der, 

men du ser ingen, då er det kanskje 

Sulamannen som vil hilse på deg. 

 

Sulamannen veit alt om 

alle Hessingar, men det er ingen fare,

Sulamannen held på løyndommen sin

om Hessingane for seg sjølv.

 

Nei, Sulamannen er ingen «sladrehank», 

han berre observerer og nyt den flotte 

utsikta frå Sulafjellet over til 

den vakre øya Hessa der dei glade 

og hjartevarme Hessingane bur.  

 

Ja, det er nok Hessingane sin hjartevarme 

som smelter Sulamannen kvar einaste vår.

 

Stabekk 19.februar 2021

Bernt-Åge Grimstad

 

 

 

Det e kje nåkke som står på

 

Korleis er det med deg?

«Det e kje nåkke som står på»

sa dei før i tida i Ålesund

når dei hadde det bra.

 

Når ein fiskar fekk spørsmålet om korleis

fisket gjekk, då drog han litt på det.....

«...  JAU..., det kunne ha vore betre...»

Då forstod alle at i år er

Borgundfjord-fisket heilt topp.

 

Korleis har du det då?

Synest du det er tungt å gå der heime

og vente på ein normal kvardag?

Gleder du deg til å få to stikk i arma,

slik at du kan styre livet ditt sjølv, 

utan statsminister og helseminister si

innblanding?

 

Vi har hatt ein lang «time-out» no,

borte frå den vanlege kvardagen,

borte frå ferie og reiser til utlandet,

borte frå kultur og idrett.

Ja, kort sagt, borte frå det aller meste.

 

Ja, alt står på vent no,

til alle har fått sine to stikk i arma. 

Ein gong tidleg på sommaren kan vi...då..

....Ver så snill!!!...

få tilbake det normale sosiale livet vårt?

 

Men kva brukar du tida på no då?

Kanskje du har blitt meir kjent med deg sjølv?

Kanskje du har lært noko nytt... om livet

...og om deg sjølv?

Kanskje tenker du at..

det likevel er mykje å vere takksam for?

 

På ein fin kald solskinnsdag, 

har du fyrt opp i vedomnen.... 

...etter ein skitur, du sit der i godstolen 

med ei god bok og «slurpar» i deg 

ein varm kopp kakao med krem.

 

Hmm.. seier du til deg sjølv 

når du tar bort kremen du har fått på nasen...

«Det e kje nåkke som står på.»

 

Stabekk 11.februar 2021

Bernt-Åge Grimstad

Ein hyllest til Hessa 

«Ho mormor å E"

 

Ein hyllest til Hessa

 

Ingen andre byar enn Ålesund og Rio 

kan skryte av å ha ein Sukkertopp.

«Frå Sukkertoppen kan du sjå 15 kyrkjer»,

sa far min, han Sven Nils.

 

Når du sit på Sukkertoppen og trekk inn 

den friske lufta i strålande solskinn...

...ja då får du ei kjensle av at du har 

nådd toppen i livet.

 

Når du lar tankane strøyme på 

der du sit...

... tenker du...

...vakrare plass finst ikkje.

 

«Når Ålesund brente i 1904 

lyste himmelen opp i en oransj farge»,

sa ho mormor, ho Gina Haugen, 

når ho fortalte meg om natta då Ålesund brann.

 

«Kanskje det e derfor ålsunn har oransje drakte då», 

sa eg til ho mormor. 

Ho Mormor var 13 år,  då ho satt på Martehaugen, 

og såg at heile Ålesund forsvann i flammane.

   

Når du står på toppen av Hessaskaret ein vinterkveld,

og ser den vakre byen lyse opp i mørket;

Då kan du sei høgt til deg sjølv;

«Ålesund er aller finast frå Hessa.»

 

Ein Hessing gløymer aldri kor du kjem i frå,

same kor du er i verda,

så ligg det lagra i hjartet, 

alle dei gode minna frå Hessa.

                                   

Stabekk 29.januar 2021

Bernt-Åge Grimstad

Ein Hessing med mange gode minner frå Hessa 

Kven er du?

 

Kven er du?

 

Kven er du då?

Eg veit ikkje heilt.

Nei,  eg veit ikkje heilt.

 

Nokre gonger er eg 

ein eg ikkje kjenner.

Andre gonger er eg 

den eg kjenner best.

 

Når eg er den eg kjenner best,

har eg det godt i hjartet mitt.

Når eg er den eg ikkje kjenner,

vert eg rastlaus og har uro i meg.

 

Nokre gonger vil eg vere 

ein influencar og kjendis,

eg vil vere rik med mange «Likes»,

eg vil vere den som alle ser opp til.

 

Men det er nok ikkje meg.

Eg er berre ei enkel sjel.

Ei enkel sjel i ein gut frå Hessa.

Det er det eg er, og det er eg stolt av.  

 

Stabekk 21.januar 2021

Bernt-Åge Grimstad   

 

 

Ei enkel sjel og den stolte guten frå Hessa 

Guten og sydama

 

Guten og sydama

 

Det var Sunnmørsmesse i Ålebyen.

Når det var Sunnmørsmesse,

samla det seg mykje folk 

både frå by og land. 

 

Det er alltid kald nordavind i Ålesund 

når det er messe og tivoli i byen.

Guten hadde også vore på messa,

laurdagen, på den aller kaldaste dagen.

 

Om kvelden tok han seg ein tur på Keiseren.

«Det er sikkert mykje liv på Keiseren i kveld og....

....kanskje treff eg ei kjekke jente her.»

Tenkte han medan han for opp trappa til Keiseren.

 

Vel oppe vart han ønskt velkomen i døra

av «Han Ellingsen sjøl».

Det var mykje folk på Keiseren den kvelden.

 

Mellom anna satt ho der, 

«Sydama», frå ei bygd i Nordfjord.

Ho hadde fått frosten i seg på «Messe Standen»,

sjølv om ho hadde jobba på heile dagen.

 

«Sydama» spratt opp ...når guten 

seinare på kvelden baud opp til dans. 

Ho fekk fort varmen i seg, 

der ho svinga seg på dansegolvet. 

 

Når tonane frå den siste dansen fylte lokalet, 

ein skikkeleg klinelåt...

«Love Hurts» av Nazareth,

var dei framleis på dansegolvet,

tett inntil kvarandre, guten og «Sydama».

 

Dei hadde funne tonen...,

og det endte med at ho blei med han heim.

 

Vel framme tok ho av seg..

..den flotte kvite syntetiske ytterjakka, 

og la den fint på ein skinnpuff i kjellarstova.

 

Han ville skape litt romantisk stemning 

og tente på eit stearinlys i lysestaken på veggen 

rett over der ho hadde lagt frå seg jakka si.

 

Dei sette seg i sofaen og var allereie tett omslynga 

då han oppdaga at jakka hennar sto i full fyr!

Den lange veiken frå stearinlyset hadde delt seg 

med det fatale resultatet at den lause veikdelen 

landa på jakka hennar.

 

Han fekk tatt knekken på flammane,

og restane av jakka bar han ut i det fri.

 

Kva no?

Han ville jo erstatte jakka hennar?

 

Hadde det vore Vipps på den tida, 

då hadde jo han vippsa pengar til ho

slik at ho fekk kjøpt seg ei ny jakke?

 

Ikkje var det mobilbank heller,

men det var jo ingen vits, 

for ingen hadde jo mobil på den tida.

Så kvifor finne opp mobilbank 

når ingen hadde mobiltelefon.

Det blir jo heilt feil...??

 

Ikkje ville han ta det på forsikringa heller...

....nei det ville bli for mykje styr.

Korleis skulle han legge fram for Gjensidige 

kva som hadde skjedd? 

Nei, det var i alle fall heilt uaktuelt.

 

Løysinga vart at han skreiv ut ein sjekk.

Og slik vart det ny jakke på ho, 

«Sydama» frå ei bygd i Nordfjord.

 

Jaja, tenkte guten....

Jenta var fin ho....

....og det vart jo ein minnerik kveld.

 

Kanskje minnest ho også denne kvelden...

...med eit lurt smil om munnen?

«Sydama» frå ei bygd i Nordfjord.

 

Kvelden då eg vart så «tent» på ein gut 

frå Ålesund at eg følgde han heim.

Den kvelden då jakka mi tok fyr...

..minnes ho og ler litt for seg sjølv,

«Sydama» frå ei bygd i Nordfjord.

 

Stabekk 12.januar 2021

Bernt-Åge Grimstad

 

Ja slik gikk det med Guten og Sydama på den tida da

det var Sunnmørsmesse i Skutvika i Ålesund.

Å nyte dagen

 

 

Å nyte dagen

 

Å nyte dagen det er å finne roa i meg sjølv

Å nyte dagen det er å observere

dei små tinga rundt meg

 

Når eg vil nyte dagen går eg inn i meg sjølv, 

og lyttar til mi indre stemme, min intuisjon

Å nyte dagen er å kjenne etter kor godt eg har det..

...inne i meg

 

Når eg har det godt inne i meg

stråler eg ut glede og takksemd 

Når eg smiler til meg sjølv, nyter eg dagen min

 

Når eg smiler og er glad, har eg ein fin dag

Når eg er nøgd med meg sjøl smiler eg mykje

 

Smil mykje.....ver nøgd med deg sjølv 

Nyt dagen.

 

Bernt-Åge Grimstad

8.januar 2021

 

 

 

 

 Forbanna Virus

 

Forbanna Virus

 

Når dette er over 

 

Skal eg ligge på ei solseng i eit sydenland 

Innsmurt med Nivea faktor 15 eller 20

 

I høgrehanda har eg ei stor doggfrisk krus med

velsmakande øl...Og nyter livet

 

Når dette er over

 

Skal eg ta T-bane og buss i rushtida

...Utan munnbind

 

Når dette er over

 

Skal eg setje meg i baren på èin brun pøbb og nyte

...Èin gammal dansk og ei øl 0,6

 

Når dette er over

 

Skal eg gå på fotballkamp 

...kvar dag om eg vil

 

Når dette er over

 

Skal eg reise til LIverpool

...Og sjå Everton på Goodison Park

 

Når dette er over

 

Skal eg ta rundt og klemme, både vel og lenge

....Alle som eg har sakna å halde rundt

 

Når dette er over

 

Skal eg kline mykje

...Dersom ho vil då

 

Men det er ikkje over..

 

Eg er så glad og takksam for

...Alle som viser at dei er glad i meg.

 

Men det er ikkje over...

 

Eg er så glad og takksam for 

....At eg bur i eit så flott land

 

Med èin velferdsstat og eit helsevesen for alle

 

Men det er ikkje over...

 

Eg er så glad og takksam for 

....At eg har reint drikkevatn frå springen

i både heim og hytte 

 

...Og at det knitrar frå vedomnen når den lune

varmen spreier seg i rommet

 

Det vil nok gå over èin dag

 

....Forbanna virus

            

                                                   

Bernt-Åge Grimstad

3.november 2020

 

Trollet i treet

 

Trollet i treet

 

Eg er trollet som bur i treet.

 

Det er berre litt av hovudet mitt 

som stikk fram no.

 

Eg har grøn mose til hår og skjegg,

resten av meg er inne i treet.

 

Du har kanskje ikkje møtt eit troll før?

Du kan komme til Åleby og helse på meg?

 

Går du opp den bratte gangvegen frå Gangstøvika -

mest heilt i byrjinga av vegen til Fjellstua -

der finn du meg - i treet mitt.

 

Du trur vel ikkje at eg er fake news vel?

Du trur vel ikkje at eg er eit Nettroll som vil lure deg?

Nei fake news og konspirasjonsteoriar er

ikkje noko eg driv med.

Det er dei største trolla som driv med slike løgner.

 

Det er nettrolla og løgnfabrikkane som verkeleg

er trollete.

 

Eit av trolla har lagt fram over 2000 løgner 

i dei 4 åra han har vore president.

 

La deg ikkje trollbinde av alle desse nettrolla.

Dei skal du passe deg for.

 

Tar du deg ein tur og helsar på meg?

La det gå troll i ord. 

                        

Eg er eit troll som bur i eit tre.

                                                           

Bernt-Åge Grimstad 

16.desember 2020

 

 

Sjå meg

 

 

Diktet "Sjå meg" er skrevet 26.november 2020

 Bernt-Åge Grimstad

 

Utsatte steder

 

Kall ei spade ei spade

 

Kall ei spade ei spade

 

Ja, kvifor kan vi ikkje lenger kalle ei spade ei spade?

 

No skal alt «liksom» verre så magisk

No er alt så magisk «liksom»

 

Det er ikkje noko som er berre fint 

eller berre bra lenger

 

Nei, no er alt sinnsykt bra

Nei,  no heiter det sinnsyk pen

 

Før då heitte det ho fine,

Eller såg du «ho fina», som Roar kalla ho

 

I dag seier dei «hun sinnsyk pene»

 

Eller OOHÆÆH....  «Så du hun med

den sinnsyk pene sprettrumpen??

Hun er bare helt magisk altså...!»

 

No blir alt omtala som ei reise

No kan vi være på ei kundereise eller

ei reise lagt inn i ei god bok

No heiter det; 

«Jeg må si..., han har virkelig hatt

en sinnsyk fin reise i sin utvikling. 

Det er helt magisk hvor langt han

har kommet på så kort tid i jobben! »

 

No løyser du ikkje lenger arbeidsoppgavene

dine i eit prosjekt

for no jobbar du agilt i ulike hubbar.

 

Nei, det var enklare før 

når han Magnus kalla

«ei spade for ei spade», 

......Ikkje sant Einar?

 

Jaja,  no går vel heldigvis snart

Koronareisa vår mot slutten

Eit stikk her og eit stikk der

så er vel den reisa over.

 

Men livets reise varer vel evig?

Så....«Kor ska vi reis Viggo?»   

                                                     

Bernt-Åge Grimstad 

29.desember 2020

I disse ...Bekymringstider

 

 

 

I disse... Bekymringstider

 

Hva er du så bekymret for da?

 

Jeg er så bekymret for at det er 

så mange som bekymrer seg for tiden.

 

....Men.... det jeg er aller mest bekymret for er

hva vi skal bekymre oss over når vi har tatt 

knekken på viruset.

 

Ja, det kan du jammen si, bekymre meg her

og bekymre meg der..

....Men, ... vi finner nok noe nytt å bekymre

oss over. 

 

Bekymre meg... 

...og bekymre deg. 

 

Bernt-Åge Grimstad

17.november 2020