berntagegrimstad.no
B-Å Grimstad Consulting
Guten og sydama
Det var Sunnmørsmesse i Ålebyen.
Når det var Sunnmørsmesse,
samla det seg mykje folk
både frå by og land.
Det er alltid kald nordavind i Ålesund
når det er messe og tivoli i byen.
Guten hadde også vore på messa,
laurdagen, på den aller kaldaste dagen.
Om kvelden tok han seg ein tur på Keiseren.
«Det er sikkert mykje liv på Keiseren i kveld og....
....kanskje treff eg ei kjekke jente her.»
Tenkte han medan han for opp trappa til Keiseren.
Vel oppe vart han ønskt velkomen i døra
av «Han Ellingsen sjøl».
Det var mykje folk på Keiseren den kvelden.
Mellom anna satt ho der,
«Sydama», frå ei bygd i Nordfjord.
Ho hadde fått frosten i seg på «Messe Standen»,
sjølv om ho hadde jobba på heile dagen.
«Sydama» spratt opp ...når guten
seinare på kvelden baud opp til dans.
Ho fekk fort varmen i seg,
der ho svinga seg på dansegolvet.
Når tonane frå den siste dansen fylte lokalet,
ein skikkeleg klinelåt...
«Love Hurts» av Nazareth,
var dei framleis på dansegolvet,
tett inntil kvarandre, guten og «Sydama».
Dei hadde funne tonen...,
og det endte med at ho blei med han heim.
Vel framme tok ho av seg..
..den flotte kvite syntetiske ytterjakka,
og la den fint på ein skinnpuff i kjellarstova.
Han ville skape litt romantisk stemning
og tente på eit stearinlys i lysestaken på veggen
rett over der ho hadde lagt frå seg jakka si.
Dei sette seg i sofaen og var allereie tett omslynga
då han oppdaga at jakka hennar sto i full fyr!
Den lange veiken frå stearinlyset hadde delt seg
med det fatale resultatet at den lause veikdelen
landa på jakka hennar.
Han fekk tatt knekken på flammane,
og restane av jakka bar han ut i det fri.
Kva no?
Han ville jo erstatte jakka hennar?
Hadde det vore Vipps på den tida,
då hadde jo han vippsa pengar til ho
slik at ho fekk kjøpt seg ei ny jakke?
Ikkje var det mobilbank heller,
men det var jo ingen vits,
for ingen hadde jo mobil på den tida.
Så kvifor finne opp mobilbank
når ingen hadde mobiltelefon.
Det blir jo heilt feil...??
Ikkje ville han ta det på forsikringa heller...
....nei det ville bli for mykje styr.
Korleis skulle han legge fram for Gjensidige
kva som hadde skjedd?
Nei, det var i alle fall heilt uaktuelt.
Løysinga vart at han skreiv ut ein sjekk.
Og slik vart det ny jakke på ho,
«Sydama» frå ei bygd i Nordfjord.
Jaja, tenkte guten....
Jenta var fin ho....
....og det vart jo ein minnerik kveld.
Kanskje minnest ho også denne kvelden...
...med eit lurt smil om munnen?
«Sydama» frå ei bygd i Nordfjord.
Kvelden då eg vart så «tent» på ein gut
frå Ålesund at eg følgde han heim.
Den kvelden då jakka mi tok fyr...
..minnes ho og ler litt for seg sjølv,
«Sydama» frå ei bygd i Nordfjord.
Stabekk 12.januar 2021
Bernt-Åge Grimstad
Ja slik gikk det med Guten og Sydama på den tida da
det var Sunnmørsmesse i Skutvika i Ålesund.
Å nyte dagen
Å nyte dagen det er å finne roa i meg sjølv
Å nyte dagen det er å observere
dei små tinga rundt meg
Når eg vil nyte dagen går eg inn i meg sjølv,
og lyttar til mi indre stemme, min intuisjon
Å nyte dagen er å kjenne etter kor godt eg har det..
...inne i meg
Når eg har det godt inne i meg
stråler eg ut glede og takksemd
Når eg smiler til meg sjølv, nyter eg dagen min
Når eg smiler og er glad, har eg ein fin dag
Når eg er nøgd med meg sjøl smiler eg mykje
Smil mykje.....ver nøgd med deg sjølv
Nyt dagen.
Bernt-Åge Grimstad
8.januar 2021
Forbanna Virus
Når dette er over
Skal eg ligge på ei solseng i eit sydenland
Innsmurt med Nivea faktor 15 eller 20
I høgrehanda har eg ei stor doggfrisk krus med
velsmakande øl...Og nyter livet
Når dette er over
Skal eg ta T-bane og buss i rushtida
...Utan munnbind
Når dette er over
Skal eg setje meg i baren på èin brun pøbb og nyte
...Èin gammal dansk og ei øl 0,6
Når dette er over
Skal eg gå på fotballkamp
...kvar dag om eg vil
Når dette er over
Skal eg reise til LIverpool
...Og sjå Everton på Goodison Park
Når dette er over
Skal eg ta rundt og klemme, både vel og lenge
....Alle som eg har sakna å halde rundt
Når dette er over
Skal eg kline mykje
...Dersom ho vil då
Men det er ikkje over..
Eg er så glad og takksam for
...Alle som viser at dei er glad i meg.
Men det er ikkje over...
Eg er så glad og takksam for
....At eg bur i eit så flott land
Med èin velferdsstat og eit helsevesen for alle
Men det er ikkje over...
Eg er så glad og takksam for
....At eg har reint drikkevatn frå springen
i både heim og hytte
...Og at det knitrar frå vedomnen når den lune
varmen spreier seg i rommet
Det vil nok gå over èin dag
....Forbanna virus
Bernt-Åge Grimstad
3.november 2020
Trollet i treet
Eg er trollet som bur i treet.
Det er berre litt av hovudet mitt
som stikk fram no.
Eg har grøn mose til hår og skjegg,
resten av meg er inne i treet.
Du har kanskje ikkje møtt eit troll før?
Du kan komme til Åleby og helse på meg?
Går du opp den bratte gangvegen frå Gangstøvika -
mest heilt i byrjinga av vegen til Fjellstua -
der finn du meg - i treet mitt.
Du trur vel ikkje at eg er fake news vel?
Du trur vel ikkje at eg er eit Nettroll som vil lure deg?
Nei fake news og konspirasjonsteoriar er
ikkje noko eg driv med.
Det er dei største trolla som driv med slike løgner.
Det er nettrolla og løgnfabrikkane som verkeleg
er trollete.
Eit av trolla har lagt fram over 2000 løgner
i dei 4 åra han har vore president.
La deg ikkje trollbinde av alle desse nettrolla.
Dei skal du passe deg for.
Tar du deg ein tur og helsar på meg?
La det gå troll i ord.
Eg er eit troll som bur i eit tre.
Bernt-Åge Grimstad
16.desember 2020
Diktet "Sjå meg" er skrevet 26.november 2020
Bernt-Åge Grimstad
Kall ei spade ei spade
Ja, kvifor kan vi ikkje lenger kalle ei spade ei spade?
No skal alt «liksom» verre så magisk
No er alt så magisk «liksom»
Det er ikkje noko som er berre fint
eller berre bra lenger
Nei, no er alt sinnsykt bra
Nei, no heiter det sinnsyk pen
Før då heitte det ho fine,
Eller såg du «ho fina», som Roar kalla ho
I dag seier dei «hun sinnsyk pene»
Eller OOHÆÆH.... «Så du hun med
den sinnsyk pene sprettrumpen??
Hun er bare helt magisk altså...!»
No blir alt omtala som ei reise
No kan vi være på ei kundereise eller
ei reise lagt inn i ei god bok
No heiter det;
«Jeg må si..., han har virkelig hatt
en sinnsyk fin reise i sin utvikling.
Det er helt magisk hvor langt han
har kommet på så kort tid i jobben! »
No løyser du ikkje lenger arbeidsoppgavene
dine i eit prosjekt
for no jobbar du agilt i ulike hubbar.
Nei, det var enklare før
når han Magnus kalla
«ei spade for ei spade»,
......Ikkje sant Einar?
Jaja, no går vel heldigvis snart
Koronareisa vår mot slutten
Eit stikk her og eit stikk der
så er vel den reisa over.
Men livets reise varer vel evig?
Så....«Kor ska vi reis Viggo?»
Bernt-Åge Grimstad
29.desember 2020
I disse... Bekymringstider
Hva er du så bekymret for da?
Jeg er så bekymret for at det er
så mange som bekymrer seg for tiden.
....Men.... det jeg er aller mest bekymret for er
hva vi skal bekymre oss over når vi har tatt
knekken på viruset.
Ja, det kan du jammen si, bekymre meg her
og bekymre meg der..
....Men, ... vi finner nok noe nytt å bekymre
oss over.
Bekymre meg...
...og bekymre deg.
Bernt-Åge Grimstad
17.november 2020